HISTORIA OM VOLDA ØRSTA FLYKLUBB

Flyklubben vart stifta 20. august 1939. Klubben har vore eit samlingspunkt for fleire forskjelllige luftsportsaktivitetar på Søre Sunnmøre. I perioda før flyplassen vart bygd var det flyaktivitet blant anna på Rotevatnet i Volda med motor- og seglfly. Då flyplassen vart opna i 1971, bygde klubben hangar der, og sidan den gong har klubben hatt base på Hovden. Klubben er underlagt NLF (Norsk Luftsportforbund). I 2003 slo motor- og mikroflyklubben seg saman, og idag har klubben felles styre og økonomi, men eigne fagsjefar.

Volda Ørsta Flyklubb er den største flyklubben på vestlandet mellom Bergen og Trondheim med omlag 120 medlemmer. Vi har også eige fuelanlegg som gjer at vi får hyppig besøk av andre fly frå heile Europa.

Klubben er inndelt i følgande seksjonar:

Klubben har i ei årrekke utdanna pilotar som tar steget vidare og vert trafikkflygarar. Dette gjer Volda Ørsta Flyklubb til ei viktig brikke i Norsk luftfart, på lik linje med andre klubber underlagt Norges Luftsportsforbund.

«Det fins ingen plass som er vakrare enn her altså, det gjer ikkje det».

Arve Kvistad om det å flyge blant Sunnmørsalpane