Ta flysertifikat hos Volda Ørsta Flyklubb
Har du ein draum om å lære å fly? Hos Volda Ørsta Flyklubb kan du ta steget frå flyinteressert til pilot!
Å fly sitt eige fly, oppleve norsk natur frå lufta eller ta med familie og vener på tur er ei heilt spesiell oppleving. Kanskje drøymer du om å bli trafikkflygar? Uansett kva målet ditt er, hjelper vi deg med å finne utdanninga som passar best.
Volda Ørsta Flyklubb tilbyr flyopplæring frå Ørsta/Volda lufthamn, Hovden (ENOV). Her får du lære å fly i eit variert og spennande område, med både fjordar, fjell, kyst samt at du blir kjend med ulike typer av luftrom.
Vi legg vekt på tryggleik, god fagleg opplæring og personleg oppfølging gjennom heile utdanninga.
Kva slags flysertifikat kan du ta?
Vi tilbyr fleire ulike utdanningsløp, avhengig av kva du ønskjer å bruke flyginga til.
PPL(A) – privatflygarsertifikat
For deg som ønskjer størst mogleg fridom, eller vurderer ei framtidig karriere som pilot.
PPL(A) står for Private Pilot Licence (Aeroplane) og er eit internasjonalt anerkjent privatflygarsertifikat.
Med PPL(A) kan du fly privat, ta med passasjerar og reise på lengre turar i Noreg og utlandet, innanfor rettane og avgrensingane som gjeld for sertifikatet.
PPL(A) gir også eit godt grunnlag for vidare flygarutdanning. Dersom du seinare ønskjer å bli yrkespilot, kan du byggje vidare mot mellom anna CPL(A), instrumentrett og andre relevante rettar.
Krav til PPL(A):
- Minimum 45 timar praktisk flyopplæring
- Teoriundervisning og bestått eksamen i ni fag
- Flymedisinsk legeattest, minimum klasse 2
- Minimum 16 år for å fly solo
- Minimum 17 år for å få utstedt sertifikatet
- Bestått praktisk ferdigheitsprøve (skill test)
45 timar er eit minstekrav. Det faktiske timebehovet varierer mellom elevar, og opplæringa blir avslutta når alle krav er oppfylte og eleven har oppnådd nødvendig ferdigheitsnivå.
LAPL(A) – sertifikat for lette motorfly
For deg som først og fremst ønskjer å fly på fritida.
LAPL(A) står for Light Aircraft Pilot Licence (Aeroplane) og er eit europeisk flygarsertifikat for lette luftfartøy.
Med LAPL(A) kan du fly einmotors stempelfly med maksimal avgangsmasse på 2 000 kg og maksimalt fire personar om bord, inkludert piloten.
LAPL(A) passar godt for deg som ønskjer å bruke flyging som hobby, utan nødvendigvis å planleggje vidare kommersiell utdanning.
Sertifikatet kan seinare utvidast til PPL(A) når vilkåra for dette er oppfylte.
Krav til LAPL(A):
- Minimum 30 timar praktisk flyopplæring
- Teoriundervisning og bestått eksamen i ni fag
- Flymedisinsk legeattest, minimum LAPL medical
- Minimum 16 år for soloflyging
- Minimum 17 år for å få utstedt sertifikatet
- Bestått praktisk ferdigheitsprøve (skill test)
Etter utferding av LAPL(A) må du gjennomføre minst 10 timar flyging som fartøysjef før du kan ta med passasjerar.
Nattrettighet – Night Rating
Vil du også kunne fly når det er mørkt?
Med nattrett kan du utvide moglegheitene dine og lære å fly visuelt om natta.
Vi tilbyr opplæring til nattrett for innehavarar av PPL(A) og LAPL(A), etter gjeldande krav.
Opplæringa omfattar teori og minimum fem timar nattflyging, med både instruktørflyging, navigasjonsflyging og solo avgangar og landingar.
For innehavarar av LAPL(A) gjeld det tilleggskrav til grunnleggjande instrumentopplæring.
Nattflyging krev særskild planlegging og gode vurderingar av vêr, terreng, sikt og operative forhold.
PPL(A) eller LAPL(A) – kva bør du velje?
| PPL(A) | LAPL(A) | |
|---|---|---|
| Minimum flytid | 45 timar | 30 timar |
| Minimumsalder ved utferding | 17 år | 17 år |
| Teorifag | 9 | 9 |
| Legeattest | Klasse 2 | LAPL medical |
| Privat flyging med passasjerar | Ja | Ja, etter 10 timar som fartøysjef |
| Flyging i Europa | Ja | Ja, innanfor gjeldande rettar |
| Internasjonal ICAO-standard | Ja | Nei |
| Grunnlag for kommersiell utdanning | Ja | Må først utvidast til PPL(A) |
Er du usikker på kva du bør velje? Ta kontakt med oss, så hjelper vi deg med å finne ei løysing ut frå ambisjonar, økonomi og kva du ønskjer å bruke sertifikatet til.
Korleis føregår flyopplæringa?
1. Ta kontakt med oss
Vi startar gjerne med ein uforpliktande samtale om kva du ønskjer å oppnå, og korleis utdanninga kan gjennomførast.
Du kan også bestille ein prøvetur for å oppleve flyging før du bestemmer deg.
2. Legeattest og oppstart
Før du byrjar på utdanninga, anbefaler vi at du undersøker om du oppfyller dei medisinske krava.
For PPL(A) krevst minimum klasse 2-legeattest, medan LAPL(A) har eigne medisinske krav.
Dersom du vurderer ei framtidig karriere som trafikkflygar, kan det vere fornuftig å undersøkje krava til klasse 1-legeattest tidleg. Sjå Luftfartstilsynets oppdaterte oversikt over godkjende flyleger: https://www.luftfartstilsynet.no/aktorer/flymedisin/godkjente-flyleger/
3. Teoretisk opplæring
Teorien til PPL(A) og LAPL(A) omfattar ni fag:
- Luftfartslovgiving og lufttrafikkteneste
- Menneskelege ytingar og avgrensingar
- Meteorologi
- Kommunikasjon
- Flyteori
- Operasjonelle prosedyrar
- Ytingar og flygeplanlegging
- Luftfartøylære
- Navigasjon
Teoriopplæringa kan kombinerast med praktisk flyging. Vi tilbyr også teoretisk støtteundervisning etter behov og avtale hvis ønskelig. Vi anbefaler at du startar med teorien tidleg i utdanninga. God teoretisk forståing gjer den praktiske flyginga både meir lærerik og effektiv.
4. Praktisk flyopplæring
Du startar med grunnleggjande flyging saman med ein instruktør.
Etter kvart lærer du mellom anna:
- Flykontroll og grunnleggjande manøvrering
- Avgangar, landingsrundar og landingar
- Radiokommunikasjon og luftromsforståing
- Navigasjon og planlegging av lengre flyturar
- Handtering av unormale situasjonar og naudprosedyrar
- Sjølvstendig vurdering og trygg avgjerdstaking
Når du har oppnådd nødvendig ferdigheitsnivå og oppfyller krava, får du gjennomføre di første soloflyging.
Dette er ei stor oppleving for dei fleste flyelevar!
Deretter held opplæringa fram med meir sjølvstendig flyging, navigasjonsturar og førebuing til den praktiske prøva.
5. Teorieksamen og oppflyging
Teorieksamen til PPL(A) og LAPL(A) blir gjennomført elektronisk ved alle trafikkstasjonar hos Statens vegvesen.
Teoriskole melder deg opp til eksamen gjennom Luftfartstilsynet.
Du må bestå alle ni fag med minimum 75 prosent rette svar i kvart fag.
Alle faga må vere bestått innanfor ein periode på 18 månader, rekna frå utgangen av kalendermånaden du gjennomførte den første eksamenen.
Når alle teorieksamenane er bestått, er teorien gyldig i 24 månader frå datoen siste fag vart bestått. Den praktiske ferdigheitsprøva må vere bestått innan denne perioden.
Når både den teoretiske og praktiske opplæringa er fullført, blir du meldt opp til ferdigheitsprøve med ein godkjend kontrollant.
Etter bestått prøve og utferding av sertifikatet kan du byrje å bruke flygarrettane dine.
Kva kostar det å ta flysertifikat?
Kostnaden for utdanninga avheng av kva sertifikat du vel, flytype, talet på flytimar og kor mykje opplæring du treng.
Dei viktigaste kostnadene er:
- Leige av skulefly
- Flyinstruksjon
- Teorikurs og læremateriell
- Legeundersøking
- Teorieksamen og ferdigheitsprøve
- Gebyr til Luftfartstilsynet
- Medlemskap og eventuelle andre skulekostnader
Vi anbefaler å leggje ein realistisk plan for finansiering før oppstart. Jevnlig flyging gir normalt betre kontinuitet og kan redusere behovet for repetisjon.
Ta kontakt for informasjon om gjeldande prisar og eit individuelt kostnadsoverslag.
Kvifor velje Volda Ørsta Flyklubb?
Hos oss blir du ein del av eit aktivt flymiljø med engasjerte instruktørar og andre flyinteresserte.
Flyskulen har base ved Ørsta/Volda lufthamn, Hovden, med gode moglegheiter for variert flyopplæring.
Du får:
- Individuell oppfølging frå instruktørane våre
- Opplæring etter etablerte treningsprogram
- Eit sosialt og inkluderande klubbmiljø
- Flyging i eit variert område mellom fjord, fjell og kyst
- Moglegheit til å utvikle deg vidare som privatflygar
Vi ønskjer at elevane våre ikkje berre skal bestå ei prøve, men også bli trygge, sjølvstendige og ansvarsbevisste pilotar.
Klar for å ta det første steget?
Du treng ikkje ha flydd før for å starte hos oss.
Ta kontakt dersom du ønskjer informasjon om PPL(A), LAPL(A), sportsfly, nattrett eller berre vil vite meir om korleis det er å lære å fly.
Vi hjelper deg gjerne i gang med flygardraumen!
Volda Ørsta Flyklubb – Flyskulen
Ørsta/Volda lufthamn, Hovden
Torvmyrane 4, 6160 Hovdebygda
Generelle henvendelser til klubben e-post: post@voldaorstaflyklubb.no
| Flyskulen, avd. Motorfly | Namn | Tlf | |
| Skulesjef | Fredrik Bjørneseth | 954 70 227 | fredrik@voldaorstaflyklubb.no |
| Ass. skulesjef | Kristoffer Ludviksen | 954 13 008 | kristofferhl@gmail.com |
| DTO representant | Andreas Mauren | 984 87 709 | andreas@voldaorstaflyklubb.no |
