LN-FAG
«Ein skikkelig arbeidshest og eit fantastisk fly å lære seg å flyge i!»
– Elev i klubben

Klubben eig eit fireseter motorfly av typen Cessna 172M. Flyet er oppgradert med moderne Garmin «glasscockpit» instrumenter og har digital motorovervåkning som gir verdifull informasjon og bidrar til auka tryggleik.
Flyet blei nylakkert i 2011 og interiøret oppgradert.
Data om flyet:
Merke: Cessna
Modell: 172M
Årsmodell: 1976
Motor: Lycoming O-320-E2D 150 HP
Pilot operating handbook, vekt & balanse, manualer og viktige dokument er tilgjengelig i filarkivet på medlemssida. For å komme dit trykk her.
LN-YEW
«Dette flyr jo seg sjølv!»
– Pilot i klubben
Klubben eig et Sirius TL-3000 frå 2015. Flyet brukast av skuleavdelinga på sportsfly og klubbens sportsfly-piloter. Dette er en toppmoderne to-seter med full garmin glasscockpit, autopilot og ein romslig kabin. Eit skikkelig tur- og skulefly.
Data om flyet:
Type: TL 3000
Modell: Sirius
Motor: Rotax 912 iS
Eigar: Volda Ørsta Flyklubb
Skuleflyet er ein TL3000 Sirius
LN-VOF
«Nydelig turfly og IFR – maskin».. Husk hjula!
– Pilot, VØF
Volda Ørsta Flyklubb si nyaste investering er ein Cessna C177RG frå 1972. Maskina er restaurert og oppgradert med moderne glasscockpit. Flyet er fullt VFR / IFR godkjent og har Jeppesen kartdatabase ombord.
Merke: Cessna
Modell: C177RG Cardinal
Årsmodell: 1972
Motor: IO-360 200HP

LN-BFD
«Arve er å sjå på Hovden innimellom, men landa aller helst på gras eller snø i Bondalen.»
– Misunnelig asfaltpilot
I klubben har Arve Kvistad ein Piper SuperCub.
Merke: Piper
Modell: PA-18-150 Super Cub
Årsmodell: 1961
Motor: Lycoming 0-320
