Ta en prøvetur!

Alle som har lyst kan få ein prøvetur, enten du vurderer å ta flysertifikat, berre vil prøve å flyge eller du vil overvinne flyskrekken. Du får kjenne på bevegelsane til flyet og få ei innføring i korleis dei ulike systema i flymaskina fungerer. Du kan forvente å flyge store delar av flyturen sjølv, med god hjelp av ein av våre instruktørar.

I cockpiten til LN-FAG før avgang på Ørsta / Volda Lufthamn.

Dersom ein ønsker å ta ein prøvetur, ta kontakt med ein av instruktørane i klubben. Du finn kontaktinformasjon her.

Taxi til parkering etter landing en kald vinterdag.