Vi gjennomførte årsmøte på Tussatun 20. februar 2022. Det var totalt 21 møtte og vi fekk gjennomført eit godt møte. Etter møte var det pizza på klubbhuset. Her var det gode samtalar, gjennomgang av MyWeblog og bildeframsyning av det nyaste innskuddet i flystallen LN-VOF.
Val av styre
Det vart valgt eit nytt styre som skal sikre at klubben fortsatt blir dreve på ein god og framoverlent måte.
Oddvar Strand takka av som styreleiar etter 12 gode år. Han har gjort ein formidabel jobb og vart hedra med blomster.
Ny leiar er Audun Klev, som sjølv utalte at dette blir som «å hoppe etter Wirkola». Vi er sikre på at han er riktig person til vervet, og gleder oss til fortsettelsen.
Styret er satt saman slik:
Leiar Audun Klev
Nestleiar og leiar for operativ og sikkerheit Fredrik Bjørneseth
Kasserar Kjetil Svenkerud
Motorfly representant/arrangement Jon Palmstrøm
Sportsfly Per Ivar Solheim
Modellfly representant/sekretær Kjell Sætrevik
Medlem Oddvar Strand
Medlem Helge Kvam Karbø
Medlem representant Flytjenesten Tore Relling
Valnemnd Roy Almestad
Revisor Per Pettersen